Ordførarane er redde for å misse fylkeskommunale midlar til kommunale næringsfond

Nye Innlandet fylkeskommune vil kutte tildeling av midlar til kommunale næringsfond. Ordførarane i Dovre, Sel og Vågå protesterer og seier denne ordninga er viktig for det lokale næringslivet.

Konsekvens: – Konsekvensen av budsjettforslaget i fylkeskommunen er at vi får mindre pengar å dele ut til næringslivet, seier Harald Sve Bjørndal, ordførar i Vågå. Både han og Astrid Skomakerstuen Ruste i Dovre og Eldri Siem i Sel, ser stor verdi av at kommunane får påfyll av kommunale næringsfond gjennom midlar frå fylkeskommunen.  

Nyheiter

– Næringslivet nyt godt av tilskot frå det kommunale næringsfondet, seier ordførar Harald Sve Bjørndal i Vågå.