Møtte samferdselsministeren for ny rv 15

Ein brei delegasjon besøkte torsdag samferdselsminister Jon Georg Dale. Ærendet var å trykke på for å få avklaring på nivå for vidare planarbeid for ny trasé og tunnel

Rolf Olav Tenden (Tenden transport), Aud Hove (fylkesvaraordførar Innlandet), Bjarne Eiolf Holø (Regionerådsleiar Nord-Gudbrandsdal), Edel Kveen (Ordførar Skjåk), Jon Georg Dale (Samferdselsminister), Sven Flo (Stryn kommune), Atle Festervoll (Brannsjef Lom og Skjåk), Svein Sunde (Gode vegar).  Foto: Privat

Nyheiter

Ein ny trasé og ny tunnel for å knyte Nordvestlandet og E6 saman mellom Skjåk - Stryn er eit rassikrings-, beredskaps- og mobilitetsprosjekt, meiner gruppa som er samansett av politikarar og næringsdrivande frå båe sider av fjellet.

– Samferdselsdepartementet gjekk for konsept B1 for vidare planlegging og vi var tydelege på at her ynskjer vi at ein kan gå rett på regulering. Det ligg så mykje kunnskap og utgreiingar til grunn, at det må vera mogleg. Da treng vi løyvingar til planmidlar for løysinga B1 med arm til Oplendskedalen (Geiranger). Dette må prioriterast inn mot kommande NTP og korridortenking opp mot E6 er her avgjerande, heiter det i ei pressemelding frå gruppa

Tunnelane var underdimensjonerte da dei vart bygde på 70-talet, Fjellovergangen er ei viktig transportåre for næringa på Nordvestlandet, for reiselivet i heile området og ikkje minst for beredskapen på båe sider av fjellet.

Om vegen blir stengt om vinteren, fører det til store økonomiske tap for næringstransport, som servar både nasjonalt og internasjonalt, og gjev lange omkøyringsvegar. Det fører også til at kollektivtransporten stoppar opp. Om sommaren er trafikken stor og med dagens tunnelar er det høgrisiko med tanke på kor mange som befinn seg i tunnelane til einkvar tid. Ein bussoperatør har opp mot 700 bussar med nesten 30.000 turistar gjennom desse tunnelane i løpet av sommarsesongen.

– Beredskapsmessig må vi få tunnelar som oppfyller tunnelforskrifta og sikrar sjølvredningsprinsippet. Naudetatane både frå Skjåk og Stryn har 45 minutt utrykkingstid og det seier seg sjølv at til større sjansane er for at noko kan skje i tunnelane til større konsekvensar vil dette få om det ein dag byrjar å brenne i ein buss, lastebil eller bil. Senariet vi fryktar er at det oppstår ein brann samstundes som det er fleire bussar fullasta med turistar i tunnelane, meiner arbeidsgruppa.

Samfunnsmålet i KVU er at «RV 15 Strynefjellet skal etablerast som eit trygt og påliteleg heilårssamband som støttar næringslivet og innbyggjarane sine behov for gods- og persontransport».

Neste steg nå blir å utfordre fylkeskommunane som skal prioritere opp mot NTP, Vestland, Innlandet og Møre- og Romsdal.