Tvangsflytting - ankar saka til Høgsterett

Ein ny dom i Eidsivating lagmannsrett slår fast at dei utviklingshemma i Moavegen ikkje kan motsetje seg å flytte. Nå blir dommen anka til Høgsterett.

Moavegen: Vågå kommune fekk for andre gong medhald i lagmannsretten om at tre bebuarar i Moavegen bufellesskap ikkje kan motsetje seg flytting. Nå blir saka anka til høgsterett.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Da Vågå kommune hausten 2017 sa opp leigeforholdet for dei tre bebuarane i Moavegen bufellesskap, med tilbod om ny bustad i Finntunet, motsette dei pårørande seg dette og kommunen stevna dei for retten.