MEINING:

Regjeringa vil styrke frivilligheita, på bekostning av 327 distriktskommunar

Nyheiter

I 26 år har frivilligsentralane fått tilskotet direkte frå staten med krav om medfinansiering frå kommunane. Frå 2017 innførte regjeringa rammeoverføring med ei lita auke, men utan krav til medfinansiering. Regjeringa syner til at intensjonane var styrking av frivilligheita. Utan øyremerkte midlar i ein trong kommuneøkonomi blir rammeoverføringar utan krav, brukt slik sittande politikarar prioritetar.

Ei kartlegging syner at i dei fleste kommunane (i 2018 67%) fekk sentralane i realiteten mindre enn auka i overføringar. Intensjonane med å styrke frivilligsentralane slo feil, auka vart brukt til andre ting.

Frå 2021 foreslår regjeringa ei endring som medfører at midlane til frivilligsentralane skal fordelast etter innbyggjartal, ikkje etter talet på sentralar.
Det betyr at alle kommunar med mindre enn 11 400 innbyggjarar som i dag har ein

Frivilligsentral, vil frå 2021 få ein sterk reduksjon i tilskota sine. Det er i alt 327 kommunar i Noreg som kjem i denne kategorien, altså dei fleste i Noreg. Dei 96 kommunane som har over 11 400 innbyggjarar blir styrka på beskostning av små. Sentraliseringspolitikken til sittande regjeringa lykkast enda ein gong!

Dei fleste skjønar at det kjem til å bli ei stor utfordring for kommunane å drifte Frivilligsentralane på same nivå som før og moglegheit for å tilpasse frivillig innsats etter lokale utfordringar blir teke bort. Frivilligsentralane sin rolle i å vere den viktige brubyggaran mellom frivillig og offentleg velferd som vi så sårt treng i lokalsamfunna, blir teke bort.

Mykje blir i dag målt i samfunnsnytte. Korleis tener dette samfunnet spør vi? Kjem dette samfunnet til gode?

Ingen politikar vil vel stille spørsmål om samfunnsnytte når frivilligsentralene sitt arbeid i kommunane blir vurdert? Vi veit kva arbeid som blir lagt ned for og i lag med fleire grupper i lokalsamfunnet.

Det er store behov for å styrkje det frivillige arbeidet i større kommunar sjølvsagt, men det er svært urimeleg at finansieringa skal hentast frå små distriktskommunar.

Denne politikken vil i alle fall ikkje Innlandet SV stå for. Vi vil kjempe for at frivilligsentralane får attende moglegheiten til å vere den aktøren vi treng og at ein kan bruke innsatsen på dei ulike behova vi har i kommunane rundt omkring i heile Noreg.
Innlandet SV vil arbeide for øyremerking av tilskota og at frivillig arbeid skal kjenneteikne Noreg i framtida og. Vi ynskjer at motivasjonen for å gjere ein frivillig innsats i lokalsamfunnet skal vere der i fortsettinga og.
Innlandet SV lyfter dette som sak i Fylkestinget sitt desembermøte med eit førebudd forslag.