Lom vil ikkje ha kommunedirektør

Eit samla kommunestyre i Lom vil behalde tittelen «Administrasjonssjef».

Administrasjonssjef: Ola Helstad sluttar som administrasjonssjef i Lom 1. januar. Trond Byre-Haakensen blir konstituert administrasjonssjef frå same dato. Kommunestyret i Lom vil at tittelen «Administrasjonssjef» skal nyttast framover, ikkje «Kommunedirektør».   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Nåverande administrasjonssjef Ola Helstad i Lom tek til i ny stilling som kommunedirektør i Sel frå 1. januar. Frå same dato blir Trond Byre-Haakensen konstituert administrasjonssjef i Lom. Den ledige stillinga blir lyst ut innan stutt tid, men kva tittel skal Lom kommune bruke i utlysingsteksta? Administrasjonssjef eller kommunedirektør? Ordførar Bjarne Eiolf Holø bad politikarane om råd i kommunestyremøtet tysdag kveld. Han fekk svar frå Jeanette Schakenda (Lomslista).