Friviljugsentralane i Ottadalen vil miste èin million kroner i støtte frå 2021

Ein ny finansieringsmodell frå regjeringa til landets friviljugsentralar skapar stor uro. Nå ber leiarane regjeringa om å lytte og utvikle ein ny modell.

Uroa: Dei daglege leiarane på friviljugsentralane i Ottadalen er uroa over regjeringa sin nye finansieringsmodell for sentralane frå 2021. I Skjåk, Lom og Vågå vil ein miste nesten ein million kroner i tilskot frå staten med den nye modellen. Frå venstre: Inger Kari Sæta (Vågå frivilligsentral), Ella Hoel (Lom friviljugsentral) og Jo-Andre Sperstad Fjeld (Skjåk friviljugsentral).  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Sidan 1991 og fram til 2017 har staten utbetalt tilskot direkte til alle landets friviljugsentralar. Frå år 2017 vart denne finansieringsmodellen endra, og tilskotet vart ført inn i rammene til kommunane, noko som for mange sentralar gav negative konsekvensar. Frå 2021 trer ei enda meir kritisk endring inn. Frå da skal ikkje midlane lenger fordelast etter talet på friviljugsentralar, men etter innbyggjartalet i kommunane.