– Vidareføring av Nortura Otta er klart lønsam

Det finst alternativ til nedleggjing av Nortura sitt anlegg på Otta, meiner regionrådsleiar og Sel-ordførar

Ei vidareføring av Norturas anlegg på Otta er klart lønsam, meiner politikarane i regionen.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Vi har sidan 28. mai hatt tett dialog med Nortura, og seinast onsdag 13. november ein gjennomgang med eit nærast fulltallig konsernstyre. Vår bodskap er at det finst alternativ til nedleggjing av Ottaanlegget som er meir lønsam og betre for Nortura. Dette alternativet må vurderast grundig og objektivt, uttalar regionrådsleiar Bjarne Eiolf Holø og ordførar i Sel, Eldri Siem.

Holø og Siem uttalar seg på vegner av regionråda i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen. Det er nedsett ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe i høve Nortura på Otta, og sist fredag gjekk det eit formelt notat til styremedlemar og konsernsjef i Nortura.

– Vi er ueinige i metodikken Norturas administrasjon til nå har brukt når nedleggjing blir vurdert. Dei har samanlikna eit teoretisk kostnadsnivå etter nedleggjing med dei samla kostnadene i drifta i 2018. Ein slik vurderingsmetodikk medfører at lågare effektivitet på Rudshøgda enn på Otta og eventuelle «folk til overs» på Rudshøgda gjer det meir lønsamt å legge ned Otta. Dette er openbart feil, seier Holø.

I dokumentet som er send til Norturas styre er det lagt fram ein alternativ vurderingsmetode, der nedleggjing blir samanlikna med kva effekt Nortura kan oppnå ved vidareføring av ottaanlegget. Med ein slik vurderingsmetode er vidareføring av anlegget lønsamt, heiter det i ei melding frå regionrådet.

– Mange av dei gevinstene Nortura kan oppnå med ei nedleggjing, kan ein òg oppnå ved ei vidareføring, seier ekstern ressurs i arbeidsgruppa, Torstein Rudihagen. Med alle dei negative konsekvensane ei nedleggjing vil medføre, er det da vanskeleg å sjå at Nortura - ut frå forretningsmessige vurderingar – bør gå for nedleggjing. Sjølv med dei feilmarginer vi må leggje inn i vurderingane når vi ikkje har innsikt i alle Norturas interne disposisjonar, framstår konklusjonen klar. Vidreføring bør vera attraktivt.

– Når vi legg fram alternative analyser trakkar vi sjølvsagt selskapets administrasjon nær. Vi håpar likevel at dette ikkje blir opplevd problematisk, eller at eventuelle forhandsinntekne meiningar er til hinder for å finne gode løysingar, seier Eldri Siem. Vårt inntrykk er at Nortura or åpne for synspunkta våre. Om ikkje styret raskt forkastar ideen om å leggje ned Otta, har vi bede om at vidareføringsalternativet blir grundig utgreidd. Vi er orientert om at det er folk i norturasadministrasjon som har sett litt på alternativet vi har lagt fram. Dei nedsette arbeidsgruppene, som skal sikre ei grundig, open og objektiv utgreiing, har derimot ikkje vore involvert. Vi tek for gitt at desse arbeidsgruppene, inklusive medarbeidarar ved ottaanlegget, blir involvert i ei grundig og objektiv vurdering av vårt framlagte alternativ, seier Siem.