Vil blåse nytt liv i Skjåk Sjakk

– Kanskje går det ein ny Magnus Carlsen blant oss.

Sjakk: Er du glad i sjakk? Kanskje blir det, om ei stund, etablert eit sjakktilbod i Skjåk.   Foto: Colourbox, Valerii Zan

Nyheiter

Det skriv Finn Sandum i eit brev til Skjåk kommune.

I brevet fortel han at det blir arbeidd for å få til ein ny sjakklubb i Skjåk.

– Eg drøymer om den tida Skjåk sjakklubb var den største i Noreg, i antal medlemar. Vi kjem vel ikkje dit att, men vi vil gjerne få til ein plass der unge og gamle kan få spela og lære sjakk. Kanskje går det ein ny Magnus Carlsen blant oss, skriv Sandum.

Utfordringa er at det manglar pengar til innkjøp av utstyr. Sandum ber derfor om nokre kroner i tilskot frå Skjåk kommune, og kommunen har allereie svara på brevet:

– Skjåk kommune er positive til initiativet. Å etablere eit sjakktilbod i Skjåk er noko som kan fenge mange, i alle aldersklassar. Skjåk kommune støttar tiltaket med 1.500 kroner.