Setereigarar protesterer mot planlagd DNT-hytte

– Tek DNT og Nord-Fron kommune seg til rette i Vågå og Sel? spør setereigarar i Griningsdalen. Dei reagerer på den planlagde bygginga av ny DNT-hytte ved Strålvatnet og ber Vågå kommune og fjellstyre om å engasjere seg for å verne eit viktig seterområde.

Griningsdalen: Setereigarar i Griningsdalen reagerer på den planlagde bygginga av DNT-hytte ved Strålvatnet og fryktar at turstig gjennom dalen vil uroe beitedyr som geit, kyr, sau og tamrein.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Treng vi ei stor turisthytte i denne området? spør setereigane Anne Helene Haugen, Randi Flåten og Steinar Håkenstad, Kjerstin og Ola Kaurstad, Carolin Risheim og Øyvind Holø.