Bjørn Kåre Odde er Årets folkemusikar 2019

Laurdag kveld, på Folkelarm 2019, vart Bjørn Kåre Odde frå Garmo kåra til Årets folkemusikar.

Stort: Bjørn Kåre Odde frå Garmo er Årets folkemusikar 2019!   Foto: Knut Utler

Nyheiter

Juryen skriv i si grunngjeving at Bjørn Kåre Odde er av det særs allsidige slaget.

– Med virke som både komponist, musikar og skodespelar, har han hatt sitt virke på alt frå ungdomshus til teatersalar dei seinaste åra. Han er ein svært akta spelemann innafor både gamaldans og slåttespel og representerer dalføret sitt med bravur på både landskappleikar og landsfestivalar.

At Bjørn Kåre Odde er ein svært travel mann, kjem godt fram i den vidare grunngjevinga frå juryen:

– Han har det seinaste året stått heilt eller delvis bak tre bestillingsverk, komponert musikk for kor og sitt eige instrument fele, medverka på fem plateutgjevingar og vore nominert til prisar både som musikar og komponist. Han er óg mykje nytta som lærar på ymse kurs og samlingar rundt i landet.

Bjørn Kåre Odde, som neste år fyller 30, er på toppen av alt musikalsk leiar av Lom spelmannslag og leiar av Gudbrandsdalen folkemusikklag.