Skyteskule for nybyrjarar

Onsdagar er det skyting for ungdomar i nedlagde Nordberg skule.

Populær sport: Det er mange ungdomar som er med på skyting i nedlagde Nordberg skule.   Foto: Lom og Skjåk skyttarlag

Nyheiter

– Fyrst på kvelden er det skyteskule for nybyrjarar og etterpå er det trening for dei meir erfarne. Dette er fjerde gongen Lom og Skjåk skyttarlag arrangerer den populære skyteskulen. Enkelte av deltakarane har stått på venteliste i to år, opplyser Lom og Skjåk skyttarlag.

Kvar kveld er det litt grunnleggjande teori før det blir skote i om lag ein time.

Fleire av dei som deltok på skyteskule i fjor, er nå med på stemner.

– Både skyteskulen og ammunisjonen er gratis – og deltakarane får låne gevær og utstyr frå oss, opplyser skyttarlaget.