Harald gav hjartestartar til kjøpesenteret

– Eg har heile tida vore oppteken av tryggleik. Her på Skjåk kjøpesenter ferdast det tusenvis av menneske gjennom året, så eg spurde om kjøpesenteret var interessert i ein hjartestartar.

Fekk hjartestartar: Harald de Presno har gjeve ein heilautomatisk hjartestartar til Skjåk kjøpesenter. Jostein Hole, som er dagleg leiar på kjøpesenteret, er svært takknemleg for gåva.  Foto: Tom Erik Solstad

På plass: Hjartestartaren heng på veggen i gangen på kjøpesenteret.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Harald de Presno i Bismo, som har gjeve ein heilautomatisk hjartestartar i gåve til Skjåk kjøpesenter. Hjartestartaren har ein prislapp på 20.000 kroner, og er den aller siste modellen som er å få tak i på marknaden.

Hjartestartaren er allereie på plass på veggen utanfor frisørsalongen, i gangen på kjøpesenteret.

– Denne er svært brukarvenleg og ein kan ikkje gjera noko feil når ein brukar denne. Så fort hjartestartaren er teke ned frå veggen og lokket blir opna, vil ei norsk stemme gjeva rettleiing til brukaren heile vegen, seier dagleg leiar på Skjåk kjøpesenter, Jostein Hole.

Han er svært takknemleg for gåva kjøpesenteret har fått av Harald de Presno.

– Tryggleik er viktig! Eg har lese at kvart år døyr 2.500 menneske av uventa hjartestopp. Denne hjartestartaren er ei gåve eg håpar dykk aldri vil få bruk for, sa Harald de Presno til Jostein Hole.