Ungdomsmeisterskap i laushund:

Knut med topplassering

Under klessblaute forhold i Evje gjorde Knut Soglo og hunden Veikulåsens O-B Trix det svært bra.

Knut Soglo og Veikulåsens O-B Trix gjorde det svært bra i UM i laushund.  Foto: UM Løshund 2019

Nyheiter

Knut fortel at dei vassa rundt i 30 centimeter med nysnø, likevel gjorde han og hunden det svært bra og vart totalt nummer seks i konkurransen som foregjekk i Evje i Aust Agder.

Vinnaren fekk 94 av 100 poeng, noko som tyder på at det meste gjekk på skinner. Knut oppnådde 74,5 av 100 poeng, og er tilfreds med det. Premien var ein lyddempar. Totalt deltok 17 i meisterskapet.

– UM i laushund er liksom ei vanleg jaktprøve. Ein slepper hunden etter dyr og sankar poeng undervegs. Ein får poeng får mellom anna for stålos, og kor mange gonger hunden stiller elgen. Stiller ein tre gonger er det svært bra. Det er òg om å gjera å tilbakekalle hunden, men det er ikkje like enkelt, fortel Knut.

Knut representerte Gudbrandsdal elghundklubb, og det er den «ekvipasjen» klubben meiner kan gjera det godt som får delta i meisterskap.

Hunden Knut deltok med, er eigd av Håkon Eidsand Skiaker. Knut har tinga seg hund sjølv, og ser ikkje bort frå at han med tida stiller i ordinært NM med eigen hund.