Blir truleg konstituert administrasjonssjef i Lom

Trond Byre-Haakensen blir truleg konstituert administrasjonssjef i Lom frå 1. januar.

Sjef: Trond Byre-Haakensen, som i dag er leiar av servicetorget i Lom kommune, blir truleg konstituert administrasjonssjef i Lom.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Frå same dato tek nåverande administrasjonssjef Ola Helstad til i sin nye jobb som kommunedirektør i Sel, og lite tyder på at Lom kommune innan den tid har ein ny administrasjonssjef på plass.