Arrangerer villmarkmesse på Sota

– Dette blir kanskje Noregs minste, men mest spektakulære villmarkmesse.

Villmarksmesse: Ekteparet Ove og Silje Lillengen er vertskap å Sota sæter. 29. november til 1. desember arrangerer dei villmarksmesse på Sota.   Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Ove Lilleengen, som saman med kona Silje er vertskap på Sota sæter i Skjåk. Helga 29. november-1. desember inviterer paret til villmarksmesse og «Jegerens julebord» på DNT-hytta ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark.

Gjennom hundrevis av år har Sota vore eit naturleg utgangspunkt for jakt, fiske og handel mellom aust- og vestlandet. På Sotflye finst det den dag i dag fangstanlegg og reingraver som var aktivt i bruk i gamle dagar. Den kommersielle turistdrifta starta med Svein Kvittingen, ein legende i Skjåk og i fjellet. I dag er Sota sæter framleis eit naturleg utgangspunkt for jakt, fiske og friluftsliv.

– Med denne historiske ramma ynskjer vi og våre samarbeidspartnarar å dele ei langhelg med alle jakt-, mat- og friluftsinteresserte, seier Ove Lilleengen.

Under villmarksmessa byr Sota sæter på konkurranser med flotte premiar, djuptgåande foredrag om jakt og fiske, og gode tilbod frå produsentar og leverandørar.

– Krona på verket blir laurdag kveld, i form av «Jegerens julebord». Her vil vi servere lokal elg, hjort og rein, seier Ove Lilleengen.

Villmarksmessa tek til fredag 29. november med offisiell opning, dømming av haustens gevir, middag, og konsert med servering i lavvoen.

Laurdag blir det arrangert stor skyttarkonkurranse.

– Her blir det tre mål på jaktfelt, eitt mål på langhold, og ei vendbar skive på tid, seier Ove Lilleengen, som lovar flotte premiar til dei beste skyttarane.

Denne dagen blir det også gevirutstilling. Det blir også foredrag med Trygve Hesthagen. Han skal prate om historia til fjellfiske og kultiveringa av fjellvatna i Skjåk. Jon Steinar Vangen kjem for å halde foredrag om hundeoppdrett, elg- og bjørnejakt. Det blir elles ølsmaking, kåring av vinnarar i skyttarkonkurransen «Sota Hunter Challenge», og filmpremiere ved Norwegian Outfitters og Explore Skjåk. Også laurdag kveld blir det lavvo-konsert.

Ove Lilleengen fortel at mellom 15 og 20 utstillarar og leverandørar vil vera på plass på Sota sæter under villmarksmessa. Vertskapet håpar mange vil ta turen denne helga, for å ta del i det som kanskje blir landets minste villmarksmesse.