– Eg meiner det er positivt dersom Lom kommune vil bli strengare på buplikt, men da får de starte i rette enden

Formannskapet i Lom avslo nyleg ein søknad om utsett buplikt i Øyøygard. Nå blir det klaga på vedtaket.

Buplikt: Politikarane i Lom har uttrykt at dei ynskjer ein brei diskusjon knytt til handheving av konsesjonsreglane og da spesielt buplikta. Nå blir det klaga på eit vedtak formannskapet fatta for nokre veker sidan.  

Nyheiter

Julie Vaagaasar fekk konsesjon på Øyøygard i 2014. Det vart da sett vilkår om buplikt innan 1. januar 2018. Dette vilkåret vart ikkje oppfylt og landbrukskontoret etterlyste derfor informasjon om saka. Julie Vaagaasar søkte da om vidare utsett buplikt – og fekk avslag.