Lykkast ikkje denne gongen heller

Det er utfordrande å få søkjarar til stillinga som sokneprest i Lom.

Nytt forsøk: To forsøk er gjort utan napp. På nyåret blir stillinga som sokneprest i Lom lyst ut for tredje gong.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Fyrste gong stillinga vart utlyst, etter at Einar Gelius sa opp, kom den ein søkjar - men vedkomande trekte seg. Andre gongs utlysing, med søknadsfrist 3. november, resulterte heller ikkje i noko. Da kom det ingen søkjar i det heile tatt.