Gav bort kunstverk til Skjåkheimen:

– Det er i Skjåk dette høyrer heime

– Dette vart nydeleg! Relieffet kunne ikkje ha fått noko betre plassering.

Gåve: Frå venstre: Anna Bøje Mølmen, Gudveig Mølmen og Ståle Bøje (i sofaen) er glade for at relieffet fekk plass på veggen på Skjåkheimen. Tenesteleiar Ingvild Mork, kontaktperson Rolv Kristen Øygard og ordførar Edel Kveen tykte plasseringa vart bra.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Anna Bøje Mølmen og Gudveig Mølmen om relieffet dei har gjeve i gåve til Skjåkheimen i Bismo, og som har fått plass på veggen innanfor hovudinngangen. Relieffet syner Gudveig Bøje f. Ånstad (1912-1999), som var mor til Anna Bøje Mølmen og Ståle Bøje, som sit ved dødsleiet til Anne Eggen (1865-1936) heime på Nordistugun Aanstad i Skjåk.