UP har hatt kontroll i Vågåmo

Det kostar å bruke mobiltelefon når ein køyrer bil og blir stoppa av politiet.

Kontroll: UP skreiv ut eitt gebyr og eitt førelegg under ein kontroll i Vågåmo fredag.   Foto: arkiv

Nyheiter

Fredag hadde UP kontroll ved parkeringsplassen på Halland i Vågåmo.

Ein sjåfør fekk forenkla førelegg for å ha brukt mobiltelefon under køyring. Vedkommande fekk 1.700 kroner i bot og to prikkar i førarkortet.

Ein sjåfør må betale 1.500 kroner i gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.