Skøytebane på Bångråttjønn

Kulda har kome, isen har lagt seg. Det er berre å finne fram skøytene.

Det er flott skøyteis på Bångråttjønn.  Foto: Martin Broeren

Nyheiter

Frå Nordberg i Skjåk har vi fått inn følgjande rapport:

– For dei som likar å skøyte har eg laga skøytebane på Bångråttjønn. Det er to løyper, ei på 500 meter og ei på cirka 350 meter, kan Martin Broeren fortelja.

Det er skøyteis på Bångråttjønn  Foto: Martin Broeren

Vidare seier han at isen er blank og slett, utan sprekkar og at det ikkje er noko som kan øydeleggje skøytene slik det er nå.

Det er skøyteis på Bångråttjønn Martin Broeren 

– Eg skal prøve å halde løypene opne, viss det ikkje kjem for mykje snø, lovar Martin.