Skøytebane klar i Bismo

Takka vera gode medspelarar har elevane ved Skjåk barne- og ungdomsskule nå is å boltre seg på.

«Banemeister» Øyvind Teigen klypper snora til den nye isbana i Bismo. Vilde Holø, Thilde Kveum Bergheim og Ronja Morken Gartland er glade for å ha is å leike seg på.  Foto: Privat

Nyheiter

Fredag vart den vesle skøytebana bak Skjåkhallen i Bismo høgtideleg opna, til glede for både små og store.

Det vil bli mykje moro på skøytebana i Bismo 

– Vi ynskjer å takke Stian Aaboen for planering av bana og Øyvind Teigen for islegging og klargjering. Takk også til FAU ved skulen som har teke utgiftene, seier avdelingsleiar Jan Storkjørren ved Skjåk og barne- og ungdomsskule.

Storkjørren oppmodar folk som har skøyter, men som ikkje brukar dei, om å levere dei til skulen slik at elevane kan få låne dei.