Nå må du bestille time for å få pass

Frå og med måndag 11. november må du bestille time for å få nytt pass.

Frå og med neste veke må ein bestille time for å få nytt pass.  Foto: Vigga/arkiv

Nyheiter

- Vi håpar at kundane våre vil oppleve dette som eit positivt tiltak. Målet er blant anna minst mogleg kø når kundane kjem til politistasjonen eller lensmannskontoret, seier avsnittsleir for pass og ID i Innlandet politidistrikt, Tom Lien i ei pressemelding.

Timebestillinga vil gjera det enklare for dei med lang reiseveg.

Oppmodar til å sjekke passet

Ifølgje politiet er det det ein rolig periode nå og fram mot februar/mars 2020. Politiet tilrår å bestille time i denne perioden.

- Vi oppmodar alle til å sjekke eigne pass og også barnas pass slik at ein kan vera i forkant med fornying, seier Lien.

Den næraste passavdelinga for ottadølar er på Otta. Time kan ein bestille her.