Åtvarar mot usikker is

Isen på Smedsmodammen er usikker. Nå åtvarar eigarane av området mot at ungar leikar på isen.

Usikker is: Eigarane av Smedsmodammen åtvarar mot at ungar leikar på isen på grunn av den er usikker.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Smedsmodammen er ein populær plass om sommaren.

Nå etter at isen har lagt seg er det ungar som har leika seg ute på isen.

Ronny Smedsmo på YX åtvarar mot at ungar går ut på isen i Smedsmodammen.

Han fortel at det er tilsig frå Finna som gjer isen usikker.

– På det meste er dammen seks meter djup, seier Smedsmo.

Han ber foreldre å fortelje ungane sine om faren ved å leike på isen i Smedsmodammen.