Gull til Skjåkmat

Sylta frå Skjåkmat er god som gull.

Sissel Brenna og Skjåkmat fekk gull for sylta si under NM i kjøtprodukt torsdag.  Foto: Privat

Nyheiter

At sylta frå Skjåk turistheim og Skjåkmat er god som gull, meiner dommarane som vurderer produkta i NM for kjøtprodukt. Dette er ei bransjekåring, og gullmedaljen for sylta vil pryde ein frå før heiderspynta vegg på «turistheimen» i Bismo.