Fjellstyret seier nei til inngjerding av campingvogner

Lom fjellstyre seier nei til at eigarar av campingvogner ved Prestsetrene kan få gjerde inn desse med straumgjerde eller anna permanent gjerde for å skjerme seg mot husdyr.

Bøverdalen: Eigarar av campingvogner ved Prestsetrene har søkt om å få gjerde inn desse med straumgjerde eller anna permanent gjerde for å skjerme seg mot husdyr. Fjellstyret rår til at dette ikkje blir gjeve løyve til.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/arkiv

Nyheiter

Eigarar av campingvogner som er parkert ved bandet på Prestsetrene i Bøverdalen, har søkt fjellstyret om løyve til å sette opp gjerde/straumgjerde kring vognene sine på grunn av kyr som beitar i området.