Vagvær får Molde kommunes kulturpris

«Jazzentusiast» Leiv Skeidsvoll får kulturprisen 2019 frå Molde kommune.

Kulturpris: Leiv Skeidsvoll får Molde kommunes kulturpris for 2019. Her i aksjon under Landskappleiken i Vågå, der Beck og Skeidsvoll hadde konsert på utescena ved kommunehuset.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Med sitt store engasjement og solide fagkunnskap, er mennesket, musikaren, dirigenten og jazzentusiasten Leiv Skeidsvoll ein verdifull person for musikkmiljøet i Molde.

Det skriv juryen i si grunngjeving for at Leif Skeidsvoll får Molde kommunes kulturpris for 2019.

Romsdals Budstikke som fyrst omtala saka, skriv at det var eit samrøystes formannskap som tysdag vedtok å gje kulturprisen til Skeidsvoll.

Kulturprisen er ein diplom og 10.000 kroner. Prisen blir delt ut av ordføraren på kommunestyremøte den 21. november.

Skeidsvoll har tidlegare vorte tildelt «innflyttarprisen» i Molde.

Leiv Skeidsvolls var med å starte «Beck& Skeidsvoll New Orleans Band» i 2013.

Bandet har ei blanding av skolerte, erfarne musikarar og unge, nyskapende krefter frå Molde.

Med i bandet er også hans tre søner; Lauritz, Peder og Isach.

Med fire blad Skeidsvoll er dette ikkje så reint lite av eit familieprosjekt.

Far sjølv og bandleiar Leiv Skeidsvoll er frå Vågå, og Bech & Skeidsvoll har halde konsertar i heimbygda ved fleire høve, og med stor suksess.

Sist var under Landskappleiken i sommar, der New Orleans-musikken møtte tradisjonsmusikken frå Vågå.