Neste veke startar fjerde sesong av «Wunderland»

Måndag 4. november er det sesongpremiere på «Wunderland». Også denne sesongen er skjåkværen Jon Arild Jøingsli sentral i serien.

Raggen går: Neste veke startar den fjerde sesongen av den populære serien «Wunderland» på TV 2 Zebra. Som tidlegare sesongar er kompisane Svein Arne Hugsten og skjåkværen Jon Arild Jøingsli sentrale i serien.   Foto: TV 2/Pressefoto

Nyheiter

Som tidlegare sesongar blir den fjerde sesongen av dokusåpa «Wunderland» sendt på kanalen TV 2 Zebra. Sesongen inneheld i alt 16 episodar, og fyrstkomande måndag kveld er det sesongpremiere på serien.

Dei tre tidlegare sesongane av «Wunderland» har hatt utruleg mange sjåarar, både på lineær-tv og på straumetenesta TV 2 Sumo.

Kompisane Svein Arne Hugsten og skjåkværen Jon Arild Jøingsli blir også denne sesongen svært sentrale i serien. Til den fjerde sesongen av «Wunderland» har det vore gjort mange opptak både i Ottadalen og andre stader, og som vanleg byr ragge-kompisane på mykje av seg sjølv. Gjennom sesongen får sjåarane mellom anna sjå Hugsten og Jøingsli på treskifestival i Stryn.

Nye episodar av «Wunderland» blir sendt på TV 2 Zebra både måndagar og tysdagar. Serien kan også sjåast på TV 2 Sumo.