Bygdefolket er framleis uroa etter storflommen i Skjåk

Mykje arbeid er gjort etter flommen, men mykje står også att. Innbyggjarane i Skjåk er bekymra og spørsmåla er mange.

Uroa: Folk i Skjåk er uroa eitt år etter flommen. Mykje er gjort av tiltak og sikringsarbeid, men mykje står også att. Eit førtitals personar møtte på ope møte om flommen på Skjåk Turistheim tysdag kveld.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Tysdag kveld inviterte Skjåk kommune til ope møte, der temaet var storflommen i bygda for eit år sidan. Til stades var representantar frå NVE, Fylkesmannen og Skjåk kommune. Eit førtitals personar var til stades på møtet, der ordførar Elias Sperstad opna med å gjeva eit attendeblikk på flommen 14. og 15. oktober i fjor, der mange måtte evakuere, og naturskadane vart mange.