Ny vri på rekrutteringsprogrammet for unge folkemusikarar:

FolkRekrutt i ny drakt

Etter fem sesongar byrjar FolkRekrutt å bli eit etablert namn innan folkemusikkmiljøet. Denne sesongen blir det ein ny vri på prosjektet.

Folkrekrutt: Denne sesongen blir det ein ny vri på rekrutteringsprogrammet FolkRekrutt, med ei stor avslutningsframsyning på Rudi Gard i april.   Foto: Pressefoto

Nyheiter

FolkRekrutt er eit tilbod for barn og ungdom i alderen 6-18 år. I fem sesongar har foreininga FolkRekrutt arrangert tre kurshelgar i året. Det har vore kurs i fele, toradar, trekkspel, song og halling for å nemne noko.

Denne sesongen gjer styret ein ny vri på prosjektet. Prosjektleiar Mari Midtli, fortel at dei tre samlingane i år skal munne ut i ei stor avslutningsframsyning på Rudi Gard i april 2020.

– Temaet er Gjendine Slålien, og prosjektet har det rungande namnet «Klangen av Gjendine - Gjendine Slålien sin musikk gjennom 130 år», fortel Midtli, som skal sørgje for å få prosjektet trygt i hamn.

Vegar Vårdal i Kultivator AS er kunstnarisk leiar for framsyninga. I løpet av dei fem tidlegare sesongane har FolkRekrutt hatt ei gradvis utvikling, både i omfang og i talet på deltakarar.

– Dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan gode stønadsordningar og velvilje frå både lokale sponsorar og lokale spel- og dansarlag, seier Mari Midtli.

For det er ikkje små summar det er snakk om i eit slik type prosjekt som FolkRekrutt. I fjor hadde prosjektet utgifter på godt over 300.000 kroner. Og i år blir det satsa enda høgare, for å få til ei storslagen sesongavslutning på Rudi Gard.

– Dette blir ein slags folkemusikk-musikal. Vel, ein rein musikal blir det nok ikkje, men ei samansett førestilling med song, dans og spel, seier prosjektleiaren.

Påmeldingsfristen til FolkRekrutt er fredag 1. november, og skjer via nettsida. Det er krav om at ein har spelt instrument i eitt år for å kunne vera med. På song og halling er det ikkje krav til noko forkunnskap.

Fyrste samling blir i Utgard i Lom 16. og 17. november. Neste samling blir på Otta ungdoms-skule 15. og 16. februar. Tredje og siste samling blir på Rudi Gard på Sør-Fron 25. og 26. april, med avslutningsframsyning 26. april. Målet med FolkRekrutt er å skape ein sosial arena for ungdom med same interesse, gjeva dei sceneerfaring og iver til å halde fram med det dei gjer.

– Vi ynskjer gamle og nye deltakarar velkomne til årets sesong, seier Mari Midtli, som elles håpar heile dalen vil gå «mann av huse» for å få med seg «Klangen av Gjendine» i april.

Prosjektleiar: Mari Midtli er prosjektleiar for FolkRekrutt. Ho håpar heile dalen vil gå «mann av huse» for å få med seg avslutningsframsyninga «Klangen av Gjendine».   Foto: Arve Danielsen/Arkiv