Engasjert skuleklasse på besøk i redaksjonen

Denne veka var 4. klasse på Skjåk barne- og ungdomsskule på besøk hjå Fjuken.

Engasjerte: Det var ein engasjert gjeng med 4. klassingar som var på besøk hjå Fjuken.  Foto: Tom Erik Solstad

Besøk: Elevane hadde mange spørsmål til redaktøren.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Skuleklassa har for tida avis som tema, og måndag denne veka kom 4. klassingane på besøk til Fjuken sin hovudredaksjon i Bismo.

Her vart elevane tekne imot av redaktør Hans Erik Kjosbakken, som gav klassa ei orientering om lokalavisa og ei omvising i redaksjonen. Elevane fekk mellom anna sjå korleis avisa blir produsert og korleis sendinga til trykkeriet i Ålesund går føre seg.

Elevane var svært engasjerte, og hadde med seg mange spørsmål. Kor gamal avisa er, kor mange abonnentar avisa har, og kva Fjuken-namnet kjem av, var berre noko av det redaktøren måtte svare på.