Trøndersk humortrio klare for Ottadalen

I løpet av fem år og fem ulike show har gruppa Kveli Rånes Bremseth vorte store publikumsfavorittar i Midt-Norge. Nå kjem dei til Vågå kulturhus.

Kveli Rånes Bremseth: Sundag 10. november kjem humortrioen Arnt Egil Rånes, Harald Morten Bremseth og Sigmund Kveli til Vågå kulturhus med showet «Det e itj størrelsa det kjem an på».  Foto: Line Berre

Nyheiter

«Det e itj størrelsa det kjem an på» hadde premiere i februar 2018 og har vorte spela 120 gonger for over 30.000 publikummarar.

Showet har vore synt fram i alle kommunar i Trøndelag og fleire andre plassar i landet. Nå står Ottadalen for tur med show i Vågå kulturhus sundag 10. november.

Kveli Rånes Bremseth har farta landet rundt og dei fleste som går ut fra eitt av showa deira har tørka snørr og lattertårer.

Arnt Egil Rånes er også kjent som sologitaristen i DDE, Sigmund Kveli og Harald Morten Bremseth har båe flere Norgesmeister-titlar i revy.

Saman utgjer dei eitt humormusikalsk columbi-egg med ein originalitet og timing som publikum elskar.

Sigmund Kveli er kjent for gudbrandsdølane frå før gjennom «trønder og døl» og har skrive tekstar og underhalde folk i over 40 år. Han har vore med å skape den unike «Kveli-humoren» som dei fleste trønderar nikker gjenkjennande til.