Nå vil forskarane vite om du framleis vil ha sommar- og vintertid

Natt til sundag måtte ein stille klokka til vintertid. Nå vil forskarane vite om nordmenn framleis vil drive å stille klokka mellom sommartid og vintertid to gonger i året.

Stille klokka: Hugsa du å stille klokka i natt? Nå vil forskarane vite kva du meiner om det å stille klokka mellom sommar- og vintertid.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I natt stilte Noreg og over 70 andre land klokka tilbake til vintertid. Nå kan vekslinga mellom sommartid og vintertid snart vere over i Europa.

Det er NRK som skriv dette.

Ei forskingsgruppe ved Universitetet i Bergen ynskjer no å undersøke kva nordmenn meiner.

Ved å gå inn på lenkja SOVno, kan ein seie meininga si om sommartid og vintertid.

I EU blir det no diskutert eit forslag om å gå bort frå systemet. Da EU gjennomførte ei tilsvarande undersøking i 2018, svara 84 prosent at dei ynskte å skrote sommartida.

Forskargruppa i Bergen håpar undersøkinga kan gje nyttige svar som kan brukast når styresmaktene skal ta stilling til om Noreg skal halde fram eller slutte med å veksle mellom sommar- og vintertid.