Prisdryss til Ottadalen under Innlandsperler

Reklamebyrået DMT AS med avdeling i Skjåk, og tre bedrifter på Beta i Vågå; Gull & Gråstein, Krible Design og Fjellflyt, vann prisar under Innlandsperler 2019 på Gjøvik fredag kveld.
Nyheiter

Innlandsperler er ei reklame- og designkonkurranse som blir arrangert i Innlandet i regi av Hedmark og Oppland Markedsforening.

Målet er å lyfte fram det kreative regionen har å by på, der ein kårar vinnarar i kategoriar som kinoreklame, nettsider, trykte medie og illustrasjon.

Det einaste som krevst for å kunne delta i konkurransen er at arbeida har lokal tilknyting, at kunde eller oppdragsgjevar må ha tilhald i Oppland eller Hedmark.

– Tenk å ha så dyktige og kreative kollegar. Eg er ikkje så reint lite stolt og glad for å vera ein del av eit kreativt byrå som hentar med seg heim eitt gull, to sylv og to bronse i ei kreativ kommunikasjonskonkurranse som dette, skreiv Tormod Sperstad i DMT AS Skjåk på Facebook.

Tre bedrifter på Beta i Vågå vann åtte prisar. Gull og Gråstein, Krible Design og Fjellflyt kunne hente to gull, to sølv og fire bronse.

Fjellflyt vann to prisar for den internasjonale satsinga deira. Gull og bronse for Slow Business Adventure for designet på utandørsområdet under festivalen på Gjendesheim i haust og for den visuelle profilen.

Gull & Gråstein vann gull for Fjell-eventyr på oppdrag for Nasjonalparkriket og bronse for podcasten «Lokalpolitisk kvarter» saman med Marius Stenbakk.

Krible Design vann to sølv og to bronse. Prisar i visuell profil, illustrasjon og to i utandørs design.