NVE har vurdert faren for fjellskred frå Skagsnebb:

Klassifisert som «ustabilt fjell»

Fjellpartiet vest for den sentrale toppen av Skagsnebb er eit «ustabilt fjellparti» som er i sakte bevegelse. NVE meiner fjellet kan utvikle fjellskred, men vurderer faren for dette til å vere mindre enn 1/1000 per år.

I sakte bevegelse: Satellittbaserte radarmålingar viser at toppen av fjellpartiet Skagsnebb beveger seg under fem millimeter i året. I ura under er det bevegelsar opp mot to centimeter per år. Sjølv om NVE kallar Skagsnebb for eit «ustabilt fjellparti», vurderer dei faren for fjellskred til å vere mindre enn 1/1000 per år. Undersøkinga er gjort i samband med planarbeid for næringsareal ved Grønsletta.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vurdert faren for fjellskred frå Skagsnebb (1.272 m.o.h) i samband med planområdet Grønsletta i Vågå.