Møte om nedskalering av mjølkeproduksjon:

– Merkevare og omdøme er og blir viktig

Lokale mjølkebønder er uroa for framtida, etter at det vart kjent at norsk mjølkeproduksjon må reduserast med 100 millionar liter på grunn av fjerning av eksportstøtte.
Nyheiter

Det var dei lokale produsentlaga som hadde invitert til møtet om nedskalering av norsk mjølkeproduksjon på Fossberg i Lom tysdag. Bortimot 50 mjølkebønder og andre møtte fram.