Utbrent bil i Vågå

Ein bil byrja å brenne under køyring på fylkesveg 51 mellom Tessand og Lemonsjøen.

Bilbrann: Tysdag kveld var det brann i ein bil på fylkesveg 51 mellom Tessand og Lemonsjøen.  Foto: arkiv

Nyheiter

Tysdag kveld byrja det å brenne i ein bil under køyring på fylkesveg 51 mellom Tessand og Lemonsjøen.

Førar fekk i seg noko røyk og vart behandla på staden for dette.

Bilen er utbrent.

I følgje politiet er brannårsaken ukjent.