Lovar nyttige dagar under konferansen «Kokken, bonden og reiselivet»

Møte med den svenske «månemannen», eit isbad i Bøvra, «sjølvi» med Arne Brimi - eller berre påfyll i både hovud og magesekk.

Konferanse: Ragnhild Sjurgard og Per Olav Hurv håpar mange tek del i konferansen «Kokken, bonden og reiselivet» i Lom i starten av november.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I fjor deltok godt og vel 100 personar på konferansen «Kokken, bonden og reiselivet». Ragnhild Sjurgard, som er ansvarleg for konferansen, håpar på minst like mange deltakarar under årets konferanse, som blir arrangert i Lom 6. og 7. november.