UNG I OTTADALEN

Saknar ein meir attraktiv ungdomsklubb

Sigrid Visdal (15) tykkjer Skjåk er ein kjempefin plass, men at det også er litt kjedeleg i bygda.

Om seg sjølv: – Eg er energisk og generelt ein glad person. Eg er også litt rar, men rar på ein bra måte, seier Sigrid Visdal i Skjåk. 

Nyheiter
Alder: 15 år
Klasse: 10. klasse, Skjåk barne- og ungdomsskule
Bustad: Reppen
Forbilde: Mamma
Hobby: Fotball
Ser fram til: Jul, for det er så fin ei høgtid

 

Kva er mest spennande med Skjåk?

– Alle fjella vi har og naturen generelt. Eg skulle ynskt at eg brukte naturen meir enn eg gjer, men eg skal prøve å vera litt meir aktiv etter nyttår.