Store utfordringar i barne- og ungdomsmiljøet i Vågå

Hærverk, trugslar, ungar som væpnar seg med kniv og energidrikk som blir nytta til å «ruse» seg. Dette er ting som gjer at skulen er uroa over situasjonen.
Nyheiter

– Det er til dels store utfordringar i barne- og ungdomsmiljøet i Vågå på fritida. Dette er problem som elevane dreg med seg inn i skulekvardagen. Det vert gjort hærverk, trugslar florerer, ungar væpnar seg med kniv og energidrikk vert nytta til å «ruse» seg. Skulen er veldig uroa over situasjonen og utfordrar foreldregruppa til å fylgje opp, skriv rektor Dag Nyøygard i ei melding som fredag vart sendt til foreldre ved Vågåmo skule.