NRF-okse frå Skjåk på topplista

23 NRF-oksar er valt ut som toppoksar. Tre av oksane er frå Oppland, der den eine er frå Skjåk.

Toppokse: Skjåkoksen 12009 Maurstad er ein av tre oksar frå Oppland som er med på topplista til Geno. Oppdrettar er Liv Oddrun Maurstad og Andre Husom.   Foto: Jan Arve Kristiansen

Nyheiter

I byrjinga av oktober vart 23 NRF-oksar valt ut som toppoksar fram til desember. Tre av oksane er frå Oppland. Oksen 12009 Maurstad er frå Skjåk med Liv Oddrun Maurstad og Andre Husom som oppdrettar.

Dei 23 utvalde eliteoksane av rasen Norsk Rødt Fe (NRF) kjem frå sju ulike fylke. Trøndelag er sterkast representert med åtte oksar, Oppland, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane med tre oksar kvar, Møre og Romsdal med to oksar og Buskerud med ein okse.

Av dei 23 eliteoksane er 13 nye og 10 med vidare frå førre periode. 12009 Maurstad er med vidare frå førre periode.

For oppdrettarane er det ei stor anerkjenning å få levere ein NRF-okse som blir valt ut som eliteokse av Geno.

Oppdrettarar av NRF-eliteoksar mottek avlsdiplom frå Geno. Avlsdiplom blir tildelt ein gong per okse. Den aller beste NRF-oksen gjennom året blir premiert med Genos høgaste utmerking; Avlsstatuetten.

Geno SA er eit samvirkeforetak eigd av 8.700 norske storfebønder. Hovudoppgåvene er avlsarbeid og utvikling av NRF-populasjonen (Norsk Rødt Fe) samt å tilby inseminering av kyr og kviger over heile landet og tenester i tilknyting til dette. 

NRF-kua er i verdstoppen når det gjeld eigenskapar som fruktbarheit, helse og livskraft i kombinasjon med god mjølkeproduksjonsevne. Det er stor etterspurnad etter NRF-sæd frå heile verda og selskapet eksporterer til over 30 land.