Nå kan hunden din koma på frimerke

Posten leitar nå etter hundar som skal pryde mange millionar frimerke.

Frimerkehund: Posten gjev neste år ut fire frimerke med hundar som motiv, og inviterer alle norske hundeeigarar til å sende inn bilde av sin hund.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

12. juni neste år skal Posten gje ut fire frimerke i millionopplag med hundar som motiv.

Saman med Norsk Kennel Klubb inviterer nå Posten alle norske hundeeigarar til å nominere sin hund som motiv.

− I Norge finst det 560.000 hundar. Dei er høgt elska av sine eigarar og vi reknar med at mange vil prøve å få dei på frimerke. Det er knytt mykje ære i det å koma på norske frimerke, og eg gler meg  til å plukke ut vinnarane, seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten i ei pressemelding.

For å bli med i konkurransen skal ein laste opp bilde på Postens eller Kennelklubbens Facebookside,  eller legge dei på Instagram med emneknaggen #frimerkehund. Ein skal leggje ved ei stutt grunngjeving om kvifor nettopp din hund bør veljast.

Juryen skal plukke ut fire bilde. Vinnarane får besøk av ein profesjonell hundefotograf som skal ta bilde av hundane, og frimerka blir laga av ein profesjonell frimerkedesignar.

Fristen for å sende inn bilde med forslag er sundag 3. november. Så her er det berre å få fart på labbane og laste opp..