Inger blir ny dagleg leiar på Grotli Høyfjellshotell

Inger Einvik flyttar frå kysten i Trøndelag og til fjells i Skjåk, der ho på nyåret tek til som dagleg leiar på Grotli Høyfjellshotell.

Tek over som dagleg leiar: Inger Einvik frå Trøndelag har fått tilbod om og takka ja til stillinga som dagleg leiar på Grotli Høyfjellshotell i Skjåk. 53-åringen tek formelt til i stillinga på nyåret.   Foto: Privat

Nyheiter

– Den fyrste ordentlege sommarjobben eg hadde, var på hotellet på Grotli i 1985. Her arbeidde eg ved fleire høve fram til 1992. Eg har også feriert her fleire gongar opp gjennom åra, seier Inger Einvik.