Husbrann på Lalm - familie berga ut

To vaksne og tre ungar vart berga ut frå eit brennande hus på Lalm i natt.

Brann: Vågå brannvesen måtte natt til torsdag rykke ut til ein husbrann på Lalm.   Foto: arkiv

Nyheiter

Det var klokka 02.50 at politiet meldte om brann i ein bustadbolig på Lalm.

Brannen vart oppdaga av ein ambulanse som passerte på riksveg 15.

Det budde to vaksne og tre ungar i huset. Alle er i godt behald.

Det har brent i tak og veggar i huset.