Etterlyser skilt til hytta

I sommar sette ein hytteeigar ved Flatningen opp eit skilt med nummer til hytta, merka privat veg. Sundag vart skiltet borte.
Nyheiter

– I sommar sette vi opp eit skilt med nummer til hytta, merka privat veg, da det er ein del som køyrer feil. Det er ikkje enkelt å få snudd når vi er der med eit par bilar, og det er kronglete å rygge attende, skriv Sissel Barhaugen i ein epost til Fjuken.

Ho skriv at  skiltet sto der da dei kom på hytta torsdag, men at skiltet med stolpe var borte på sundag. 

Barhaugen skriv at ho har vore inne på tanken om det kan vere fjellstyret/kommunen som kan ha tatt det ned i fall det ikkje skulle være lov å sette opp, men trur da dei ville ha vorte kontakta med oppmoding om å ta ned skiltet.

– Ser nokon skiltet, ville det vere hyggeleg å få det tilbake, skriv Barhaugen.