Foredrag om fonnefunn

Brearkeologsesongen vart avkorta av tidleg snø i haust, men det vart gjort mange spennande funn.

Kva? Kanskje får vi svar på kva dette og mykje anna er på fjellsenteret.   Foto: Oppland fylkeskommune

Nyheiter

Om lag 600 arkeologiske gjenstander vart likevel funne og samla inn frå fonner, bre og fjell.

Torsdag 31. oktober kjem fylkesarkeolog Espen Finstad til Norsk fjellsenter i Lom for å fortelja om funna, og historia bak.

Kva skjulte seg i det spesielle skrinet som vart funne, kva gjorde ein hund i band på Lendbreen og kva er spesielt med pilane som vart funne i år?

Dette er noko av det Finstad vil forsøke å svare på denne torsdagskvelden.