Dommarfullmektig på heimebane

Mari Jøndal Bjertnæs er fyrste kvinnelege dommarfullmektig ved «skrivarkontoret» i Vågå på 32 år.

Dommarfullmektig: Da Mari Jøndal Bjertnæs bestemte seg for å søkje seg som dommarfullmektig ved ein tingrett, fell valet naturleg nok på Nord-Gudbrandsdal tingrett i heimbygda. Her skal ho vere i to år. – Eg får prøvd ut korleis det er å bu i Vågå som vaksen. Eg har ikkje budd i heimbygda sidan eg var 15 år, seier ho.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Ho som var dommarfullmektig den gongen, var Elisabeth B. Løvold. I dag er ho sorenskrivar og sjefen til Mari. Båe to kan bli historiske dersom forslaget om å leggje ned tingretten går gjennom.