Forslag om å leggje ned Norturas anlegg på Otta:

– Arbeidsmoralen og kampgløden er på topp

70 arbeidsplassar blir borte dersom Nortura legg ned slakteriet på Otta. – Vi treng ei hjørnesteinsbedrift som Nortura i regionen.

Moderne slakteri: – Alle dei tilsette er stolte av arbeidsplassen sin, seier Trym Johansen. Nortura sitt anlegg på Otta er eit moderne slakteri som er blant selskapets mest effektive anlegg. – Lojaliteten frå gardbrukarane er i stor grad knytt til Otta-anlegget, seier Lars Tessneset.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Gong på gong opplever vi at styret i Nortura vil leggje ned avdelinga på Otta, sjølv om vi kan vise til svært gode resultat, seier hovudtillitsvald Trym Johansen.