Lillebråten leiar i nye Vågå Arbeidarlag

Det er blåse nytt liv i Vågå Arbeidarlag. Erik Lillebråten er valt til leiar.

Leiar: Erik Lillebråten er valt til leiar i nyestifta Vågå Arbeidarlag.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Vågå Arbeiderlag vart for nokre år sidan lagt ned.

Torsdag 10. oktober vart aktiviteten i laget teken opp att.

I samband med konstituering nye Vågå Arbeidarlag, vart følgjande valde:

• Erik Lillebråten – Leiar

• Iselin Vistekleiven – Sekretær

• Vidar Elda – Kasserar

• Ronny Andersbakken Fresvik – Styremedlem

• Leila Khanali – Styremedlem

I sitt fyrste møte har Vågå Arbeidarlag behandla ei sak som er oversendt Vågå Arbeidarparti for behandling i samband med budsjettet for 2020.

Saka gjeld samarbeidsavtale mellom Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter og Vågå kommune.

Vågå Arbeiderlag meiner at Vågå kommune i god tid før sesongstart skal gjenoppta samarbeidsavtalen med Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter, jamfør tidlegare avtale.

Avtalen hadde som målsetjing å tilby elevane i 1. - 7. trinn ved Lalm skule og Vågåmo skule eit alpint tilbod ved alpinsenteret. Målet var at tilbodet skulle føre til betre fysisk fostring og eit utvida fritidstilbod for elevane.

Avtalen gav kvar elev tilbod om inntil 5 gratis dagskort i skiheisen per sesong - inkludert gratis leige av skiutstyr, to timar skiinstruksjon for innføring i grunnleggjande skiteknikk, gratis transport tur/retur frå Vågåmo til alpinsenteret, måndag-fredag i vinterferien, og 500 kroner i rabatt på sesongkort.