Barneskuleelevane i Ottadalen las 3.668 bøker i sommar

Ein ting er sikkert: Det er stor leseglede blant barneskuleelevane i Skjåk, Lom og Vågå, som i sommar har lese fleire hundre tusen sider til saman gjennom lesekampanjen «Sommarles».
Nyheiter

«Sommarles» er ein nasjonal lesekampanje for alle barn i 1.-7. klasse, der målet er å få flest mogleg til å lesa mest mogleg gjennom ein lang sommarferie. Kampanjen er gratis for alle elevar å vera med på, og har vore arrangert i fleire år.