Politiet har tjuvgods «til overs»

Etter at eit hytteinnbrot i Griningsdalen i september 2018 nå er oppklara, sit politiet att med tjuvgods som ikkje høyrer hytta i Griningsdalen til.
Nyheiter

Spor på åstaden førte til at dei nå har sikta ein mann for innbrotet i Griningsdalen i fjor haust.

– Mannen som står bak innbrotet har tilstått, og har levert inn meir tjuvgods enn det hytteeigaren kjenner att. Dei resterande gjenstandene kan stamme frå andre innbrot i Ottadalen, og vi ynskjer at folk som saknar eitkvart, eller kjenner att gjenstandene, vender seg til politiet i Lom eller på Otta, seier politibetjent Kristian de Presno.

De Presno seier at tjuvgodset på bilda kan vera frå andre tidsrom enn september 2018. Dei kan òg vera frå andre delar av landet.

Dersom einkvan krev retten til gjenstandene, lyt ein skildre spesielle kjenneteikn, presiserer politiet.

De Presno fortel elles at gjerningsmannen ikkje er lokal, at saka ikkje er ferdig etterforska og det ikkje har falle dom i saka.

– Generelt ber vi om at folk som oppdagar innbrot ikkje rydder eller vaskar før politiet er varsla og har vore på staden. Dette er svært viktig med tanke på sporsikring, understrekar de Presno.